Historie

Historie årsstudium gir ei grunnleggande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram til i dag, i tillegg til ein elementær introduksjon i historisk metode.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 179

Studieinnhald

Studiet er sett saman av fire emne à 15-studiepoeng. Tre av emna er obligatoriske grunnemne i oversynshistorie, og i tillegg vel ein eitt teoretiske fordjupingsemne. Fordjupingsemnet kan ikkje veljast før to av dei obligatoriske grunnemna er fullført.

Obligatoriske emne vårsemesteret:

  • Norsk og internasjonal oversynshistorie, ca 300–1536
  • Norsk og internasjonal oversynshistorie, ca 1536–1870
  • Norsk og internasjonal oversynshistorie, ca 1870–2000

Valbare emne (ein tek atterhald om endringar):

  • Historisk innføringsemne
  • Globalhistorie. Europa, Vesten og verden
  • Lokal-, familie- og mikrohistorie

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga i oversynsemna er organisert som førelesingar og seminar. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga. All innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i Fronter. Det er difor ein føresetnad at studenten er kjend med elementær internettbruk. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Historie årsstudium kan saman med anna yrkesutdanning kvalifisere for arbeid innanfor ei rekkje område.Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og administratorar i vid forstand (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Årstudiet tilsvarer første året i bachelor i Historie ved Høgskulen i Volda. Det er mogleg å søke overgang til bachelorstudiet innan 20. mars. Det kan også inngå som valfri del i andre bachelorgradar, og gir grunnlag for opptak til fordjupingsstudium i faget.