Historie

Fordjupingsstudiet tek mellom anna opp globalhistoriske problemstillingar, den norske kystkulturen og spørsmål kring nasjonale og regionale identitetar i Spania. Studantane skal få kunnskap om dei sosioøkonomiske og kulturelle kontrastane og mangfaldet i verda, i tillegg til å få innsikt i lokalhistoriefeltet.

  • Organisering

    Heiltid
    Deltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4226 (heiltid/deltid)

Studieinnhald

Studiet er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng. Du kan ta to emne på deltid (to semester) eller to emne på heiltid (eit semester).  Du kan velje mellom desse emna:

  • Kystkultur og kystsamfunn (haust)
  • Spania - identitetar, nasjonar, regionar (haust)
  • Globalhistorie. Europa, Vesten og verden (vår)
  • Lokal-, familie- og mikrohistorie (vår)
  • Bacheloroppgåve

Opptakskrav

Årsstudium i historie eller samfunnsfag.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Alle teoriemna vert gjennomført som nettstudium. Bacheloroppgåva må bygge på eit teoriemne. Studenten får tildelt ein rettleiar til arbeidet med bacheloroppgåva.  

Som regel tilbyr vi eit teoriemne pr. semester med forelesing, men då med føresetnad om at det melder seg minimum 8 studentar. Studiet er fleksibelt tilrettelagt og har få undervisningstimar i veka. Det er viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, då ein del av pensumlitteraturen er på dette språket. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Historie fordjupingsstudium kan saman med anna yrkesutdanning kvalifisere for arbeid innanfor ei rekkje område.Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og –administratorar i vid forstand (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum), hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Fullførte 90 studiepoeng i historie kan innanfor ein bachelorgrad kvalifisere for opptak på master i Kulturmøte ved Høgskulen i Volda eller relevante mastergradar ved andre høgskular og universitet.