Historie

Kunnskapar om historia vil alltid vere eit viktig og nødvendig fundament for å forstå endringar i notida. Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får du kompetanse til å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 481

Studieinnhald

Bachelorprogrammet i historie er samansett av sju historiefaglege emne á 15 studiepoeng, til saman 105 studiepoeng. Emna på grunnivå er faste, medan det på fordjupingsnivået er høve til å velje blant dei emna instituttet tilbyr. Til innføringsemnet (vårsemesteret 1. studieår) er det knytt ein studietur til Roma på ca 5 dagar, der det er innlagt obligatorisk undervisning. Dei resterande 75 studiepoenga kan takast fritt. Sjå emnetabell for å få oversikt og informasjon om alle emne innanfor bachelorgraden.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Det vert lagt til rette for utanlandsopphald på eitt til to semester ved institusjonar i Europa og andre stader i verda. Dette inkluderer Erasmus-partnarar i ulike europeiske land, eller Luther College Decorah i USA.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert som forelesingar og seminar. Emna på fordjupningsnivået (200-emna) går anten med forelesing og/eller som nettstudium. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga i dei fire obligatoriske grunnemna. Den som ikkje oppfyller frammøtekravet får andre arbeidskrav. All innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i Fronter. Det er difor ein føresetnad at studenten er kjend med elementær internettbruk.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Bachelor i historie kvalifiserer for ulike former for formidlings-og kulturarbeid og internasjonalt arbeid. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar og kulturarbeidarar (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum), hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Studiet kvalifiserer for opptak til master i Kulturmøte og master i Nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, og andre relevante mastergradsstudium i Noreg og i utlandet.