Idrett

Høgskulen i Volda har eit fagmiljø med høg kompetanse og lang erfaring innanfor idrett og friluftsliv. Som student ved bachelor i Idrett får du vere med på spennande fysiske aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Du får tilgang til gode fasilitetar som idrettshall, symjehall, treningsbaner, treningsrom, testlaboratorium, og ikkje minst sunnmørsnaturen.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 485

Studieinnhald

Det vert fokusert på fagleg verksemd både i skuleverket, frivillige organisasjonar og ein omfattande fritidsarena. I studiet vert teori kopla til praktiske aktivitetar innanfor trenings- og rørslelære, pedagogikk, didaktikk, helse og idretts-psykologi. Du skal lære å planlegge, gjennomføre og vurdere fysisk aktivitet for born, ungdom og vaksne, og gjennomføre helsefremjande og førebyggjande tiltak, med vekt på fysisk aktivitet. Refleksjon over eiga faglege utøving er ein viktig del av studiet. Om vinteren første studieåret blir det blant anna arrangert skikurs og spenningskurs på Bjorli skisenter.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Studentane kan gjennomføre delar av studiet ved utdanningsinstitusjonar i utlandet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga og arbeidsmåtane varierer mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, ved kysten, på baner, i symjehall og i sal. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudie, deltaking og medansvar. Fronter vert nytta i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga skal studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer deg for arbeid innanfor idrett og kroppsøvingsfaget. Aktuelle arbeidsstader vil vere skuleverket, vaksenopplæring, kulturforvaltning, Forsvaret og private tiltak innanfor fritidssektoren. Utdanninga vil også gi grunnlag for arbeid innanfor førebyggjande helsearbeid og rehabilitering, og arbeid med born og unge med spesielle behov. Bachelor i idrett gir grunnlag for opptak til ein mastergrad innanfor fagfeltet. For å få formell undervisningskompetanse i skuleverket, må du byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).