Idrett

Programmet gir grunnleggjande innføring i arbeid med idrett i undervisning og trening i grunnskulen. Høgskulen har gode fasilitetar: idrettssalar, symjehall, ulike treningsbaner, treningsrom og testlaboratorium. Den utfordrande sunnmørsnaturen dannar ei naturleg ramme rundt ulike uteaktivitetar. Du skal mellom anna vere med på å planleggje og undervise barn, unge og vaksne med særlege behov i samband med spenningskurset på Bjorli vinteren 2015 (fem dagar).

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 649

Studieinnhald

Du får erfaring og innsikt i idretts- og friluftsaktivitetar og eigenutvikling. Studiet er sett saman av praktiske aktivitetar, teoretiske emne og undervisnings- og instruksjonspraksis. Du skal tileigne deg dugleik, erfaring, kunnskap og innsikt i fagområdet med dei tilpassingane som er nødvendige for å møte barn og unge med ulike føresetnader. I tillegg skal du få erfaring og innsikt i dei idrettsaktivitetar som er forpliktande for kroppsøvingsundervisninga i skulen, og dessutan få praktisk røynsle med idrett, dans og friluftsliv.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det vert veksla mellom førelesingar, praktisk arbeid, gruppearbeid, eigentrening og ekskursjonar/kurs. Ein må rekne med utgifter til reiser og kurs og diverse turutstyr. Studentane skal anten gjennomføre skulepraksis eller instruksjonspraksis i idrettslag eller frivillige organisasjonar.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudiet i idrett er særleg relevant for deg som ønskjer å arbeide i ulike skuleslag eller andre felt der det vert drive fysisk aktivitet, som t.d. i frivillig organisert og uorganisert idrett, i privat og offentleg verksemd.

Studiet kan takast som vidareutdanning for lærarar, eller det kan innpassast i Bachelor i idrett ved Høgskulen i Volda eller inngå som valfri del i andre bachelorgradar.