Årsstudium idrett/ Bachelor i idrett

Årsstudium idrett/ Bachelor i idrett

Oppmøte

Velkomen som student ved Avdeling for kulturfag og Høgskulen i Volda. I dette brevet vil du få litt praktisk informasjon som skal hjelpe deg i gong og vonleg svare deg på spørsmål du har i byrjinga.

 

Idrettsstudentane har ein mangfaldig kvardag. De får vere med på idrettsaktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Du vil lære å leggje til rette for stimulerande aktivitetsmiljø for ulike målgrupper. I tillegg vil du få kunnskap om teoriar og omgrep som er sentrale knytt til kroppsøving og idrett.

 

Studiestart

 

Tysdag 15. august

Klokka 12.00 blir det offisiell opning av studieåret.

Program for denne dagen blir lagt ut på høgskulen si nettside.    

        

Idrettsstudentar møter klokka 13.15-14.15 i salane i Idrettsbygget for informasjon. Studentar får møte lærarane og klassa si, får tildelt ein fadder og ei faddergruppe, og vil bli vist rundt på høgskulen i Volda.

 

 

Onsdag 16. august blir det felles oppstart for Avdeling for kulturfag.

Klokka 11.00-ca. 12.00: Avdeling for kulturfag inviterer til lunsj i Kaarstadparken. Vi trekker innandørs i Kaarstadbygget ved dårlig vær.

 

Klokka 12.00-13.00: Praktisk informasjon/ foredrag for nye studentar: «Frå elev til student» i konsertsalen ved Catarina Andersson og Hege Holmqvist Synnes.

 

Klokka 13.15 vert det informasjon (v/ Elisabeth Innselset) til studentar som tek idrett årsstudium på BK 159 vesle aud.

 

Første veka vert det ein del informasjon, og de får timeplan for semesteret. Vi startar opp med undervisning og aktivitetar ute.

 

Undervisning første veka:

Torsdag 17.08: Informasjon, tur og undervisning ute frå klokka 10.00-ca. 15.00.

Fredag 18.08: Undervisning ute 2. timar.

Utover dette oppmodar vi til deltaking på fadderarrangement.

 

KYSTFRILUFTSLIV

Veke 36. Sett av tre dagar med kystfriluftsliv (overnatting i telt) på Yksnøya. Her trengs utstyr som sovepose, liggeunderlag, gode og funksjonelle klede og sko m.m. Meir informasjon om turen vert gitt ved studiestart.

Undervisningsstad

Kart over campus på Høgskulen i Volda: http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/campusoversikt

Annan informasjon

Studieplan og pensumliste

Emneplanar og pensumlister for alle studium finn du på Høgskulen i Volda si heimeside: http://www.hivolda.no/for-studentar

De vil få ytterlegare informasjon om studiet, timeplanar m.m. ved studiestart.

 

 

Idrett årsstudium:

IFL 101: Motorisk læring, 15 stp. (haust)

IFL 116: Idretts- og kroppsøvingsdidaktikk, 15 stp. (haust)

IFL 117: Pedagogikk, idrett og samfunn, 15 stp. (vår)

IFL 104: Treningslære, 15 stp. (vår)

 

Kostnader

Studentane må betale materialpengar på kr. 400 pr. semester, i tillegg til å dekke utgifter knytt til reise, mat m.m. knytt til ekskursjonar. Viser til emneplanar.

Vel møtt til eit aktivt, lærerikt og sosialt studieår!

Kontaktperson

Elisabeth Innselset

Studieansvarleg

ein@hivolda.no

Tlf: 700 75352

 Har du spørsmål om studiet, ta gjerne kontakt med Elisabeth Innselset. Andre spørsmål kan rettast til Sørvistorget, tlf. 70 07 50 18, sorvistorget@hivolda.