STUDIEPLAN

Programmet gir grunnleggjande innføring i arbeid med idrett i undervisning og trening i grunnskulen. Høgskulen har gode fasilitetar: idrettssalar, symjehall, ulike treningsbaner, treningsrom og testlaboratorium. Den utfordrande sunnmørsnaturen dannar ei naturleg ramme rundt ulike uteaktivitetar. Du skal mellom anna vere med på å planleggje og undervise barn, unge og vaksne med særlege behov i samband med spenningskurset på Bjorli vinteren 2015 (fem dagar).

Idrett

Studieprogram: 
Idrett årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2017
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Årsstudium
Organisering: 
Heiltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse

Om studiet: 

Ved fullføring av dette studiet skal studenten kunne planlegge og legge til rette for auka idrettsleg deltaking og helsefremjande aktivitet. Studenten skal også kunne planlegge og drive opplæring i idrett innanfor skule, frivillige organisasjonar og andre institusjonar. Studiet inngår som ein del av bachelorgradstudiet i idrett/friluftsliv ved HVO, men kan også sjåast på som eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på auka kompetanse i idrett for arbeid i skuleverk og organisasjonar o.a. Studiet er svært relevant for lærarar, trenarar og andre arbeidsgrupper som vil arbeide med barn og ungdom. Idrett årsstudium kan også innpassast i andre bachelorstudium ved HVO og andre utdanningsinstitusjonar både i innland og utland. Bachelor idrett gir grunnlag for opptak på PPU i kroppsøving. Studiet kan veljast av studentar 4. studieår i allmennlærarutdanninga.

Læringsutbytte: 

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonerammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar: 

Kandidaten

  • har grunnleggjande kunnskap om barn og unge si læring og utvikling, både fysisk, psykisk og sosialt
  • skal kritisk kunne reflektere kring fagdidaktiske teoriar og praksis knytt til undervisning og instruksjon
  • har grunnleggjande kunnskap om korleis ein kan legge til rette for læring i ulike idrettslege disiplinar tilpassa ulik alder, modning, utviklingsnivå og føresetnader
  • har fagspesifikk og grunnleggjande kunnskap om dei ulike praktiske disiplinane i studiet
  • har grunnleggjande kunnskap om kroppsøvingsfaget og idretten si historie, tradisjon, eigenart og samfunnsrelevans
  • har grunnleggjande kunnskap om kva for betyding leik, idrettsaktivitet og friluftsliv kan ha for bevegelsesglede, utvikling, læring og helse
Ferdigheiter: 

Kandidaten

  • kan reflektere over eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
  • kan beherske grunnleggjande analysereiskap, teknikkar og uttrykksformer
  • kan planleggje, leie, leggje til rette, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet både for barn, unge og vaksne i ulike skuleslag og i den organiserte idretten
  • kan demonstrere og vurdere ulike bevegelsesløysingar og setje i verk tiltak for å fremje ei føremålstenleg bevegelsesutvikling som gir gode meistringsopplevingar
  • har grunnleggjande ferdigheiter i å kunne leggje til rette for læring i ulike idrettslege disiplinar tilpassa alder, modning, utviklingsnivå og føresetnader
  • har grunnleggjande ferdigheiter i utvalde disiplinar innan idrett og friluftsliv
Generell kompetanse: 

Kandidaten

  • kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking
  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, aleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante utrykksformer
  • har praktisk erfaring med og kan rettleie innan idrett
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre innan leik, idrett og friluftsliv og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
  • kan diskutere og arbeide kritisk med problemstillingar knytt til kroppsøving, idrett og friluftsliv ved å bruke kunnskap om idrettsvitskaplege teoriar og metodar
Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiefaget idrett har sin eigenart i arbeidet med praktiske aktivitetar i ulike miljø. Innhaldet i fagstudiet er difor i stor grad praktisk retta og tek til ei viss grad omsyn til lærestoffet som er forpliktande for grunnskulen. 4. års GLU-studentar vil grunna praksis vere fritatt noko undervisning.  

Idrett årsstudium består av 4 emne:

  • IFL101 Motorisk læring (haust)
  • IFL116 Idrett- og kroppsøvingsdidaktikk (haust)
  • IFL117 Pedagogikk, idrett og samfunn(vår)
  • IFL104 Treningslære (vår)

Kvart emne vil innehalde teori, praktisk aktivitet, praktisk metodiske oppgåver, skriftlege prøver/innleveringar (individuelt eller i grupper) og eksamen. IFL101 må takast før IFL104. IFL116 og IFL 117 er opne/ingen forkrav.

Praksis: 

Alle studentane skal være med på å planleggje og undervise barn og unge med særlige behov i samband med kurs i Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonsnedsetting/Spenningskurset (vinter). Omfanget av denne praksisen vil vere ca. 20 timar medrekna planlegging/samtale med lærar/rettleiar. Studentane skal vidare ha 20 timar instruksjonspraksis i idrettslag/frivillige institusjonar eller skular. Det er ikkje krav om rettleia praksis.

Internasjonalisering: 

Studentar kan gjennomføre delar av studiet ved samarbeidande institusjonar internasjonalt, fortrinnsvis i det 3. studieåret evnt. 6. semester.

Kostnader: 

IFL 117: Kostnader knytt til skikurs (heiskort, reise og evt. opphald) og kurs i Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonsnedsetting (eigenandel på 350 kr).

Elles litt kostnader knytt til transport til ulike rørslemiljø (eks. friidrett, orientering, observasjon m.m.)

Studentar som ikke har høve til å delta på turane må søke om et alternativt opplegg. 

Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav. 

Kvart emne har ei materialavgift på 200 kr.

Anna: 
Seksjonen nyttar classfronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere eit reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget.
I starten av studiet er det krav om deltaking i obligatorisk kurs i studieteknikk og oppgåveskriving. Kurset, eller tilsvarande, må vere godkjent for å kunne gå vidare på studiet.
Studentane må rekne med utlegg til transport og opphald i samband med undervisning, ekskusjonar og skikurs, samt fråvær frå heimen i opp til 5 dagar på enkelte kurs.
Krav for å få godkjent studiet: Godkjent alle emne, godkjent instruksjonspraksis, godkjent praktisk metodiske oppgåver, betalt materialavgift, betalt eigenandel til kurs i Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonsnedsetting (IFL 117).
Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Elisabeth Innselset (210)