Idrett

I Idrett fordjupingsstudium vert det lagt vekt på å gi studentane gode idrettsopplevingar, lærerike utfordringar og spennande fysisk aktivitet i utvalde idrettar. Du får tilgang til moderne fasilitetar: idrettssalar, symjehall, ulike treningsbaner, treningsrom og testlaboratorium. 

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4241

Studieinnhald

Studiet er sett saman av desse emna, kvart på 15 studiepoeng:

  • Prestasjonsutvikling
  • Helse
  • Skiutdanning
  • Bacheloroppgåve

Den utfordrande sunnmørsnaturen er ei naturleg ramme rundt dei ulike uteaktivitetane.

Opptakskrav

60 stp idrett årsstudium eller tilsvarande

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga vekslar mellom førelesingar, laboratoriearbeid, praktisk arbeid i ulike miljø, eigentrening, ekskursjonar og kurs. Det meste av undervisninga vi gå føre seg ved høgskulen, men skiundervisninga vert lagd til ulike skisenter. Studentane skal gjennomføre praksis innan skiidrettane alpint og telemark.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studieprogrammet er særleg relevant for deg som siktar deg inn mot arbeid i ulike skuleslag, men også for andre felt der det vert drive fysisk aktivitet som til dømes i frivillig organisert og uorganisert idrett, vaksenopplæring og helseføretak. Det gir eit godt grunnlag for undervisning og trenarverksemd innanfor idrett. Utdanninga kvalifiserer for vidare studium i idrett, kroppsøving og helse.