PR, kommunikasjon og media

Høgskulen i Volda har i dag eit av dei sentrale utdanningsmiljøa innanfor media og kommunikasjon i Noreg. For organisasjonar og bedrifter er det viktig å kunne presentere både kven ein er, og kva ein driv med på ein presis og god måte. Korleis ein organisasjon kommuniserer med seg sjølv og omverda, har innverknad på blant anna omdøme, effektivitet og økonomi.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 453

Studieinnhald

Bachelorprogrammet tilbyr studentane forskingsbasert undervisning innanfor eit breidt spekter av emne og fagfelt;  journalistikk, medievitskap, politisk økonomi, organisasjon og leiing, marknadsføring, krisekommunikasjon, og ulike sosiologiske og statsvitskaplege emne. Undervisninga er kombinert med jobbrelevante interne og eksterne prosjekt- og praksisordningar. Studentene får inngåande kjennskap til tilhøvet mellom teori og praksis – dette er kanskje det viktigaste konkurransefortrinnet til kommunikasjonsutdanninga i Volda.  

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Studiet er lagt opp slik at mange av studentane gjennomfører delar av studiet (inntil eitt semester) ved universitet i utlandet, til dømes ved Westminster i London, Griffith College i Irland eller Hawaii Pacific University. Der er svært mange alternativ ved universiteta i over 50 land som høgskulen har direkte samarbeid med.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga og arbeidsformene er ein kombinasjon av førelesingar, sjølvstudium, gruppearbeid og praktiske øvingar. I deler av studiet er det krav om obligatorisk frammøte. Det blir gitt tilbod om å delta på ein eller fleire studieturar i løpet av utdanninga. Studentane kan det siste semesteret gjennomføre ekstern praksis i ei relevant kommunikasjonsavdeling eller anna relevant verksemd.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Bachelorgraden gir kompetanse som kan brukast på ei rekkje område i vårt media- og kommunikasjonsorienterte samfunn. Relevante arbeidsplassar vil vere kommunikasjonsbyrå og ulike stillingar i både frivillig, privat og offentlig sektor. Utdanninga kan også gi grunnlag for andre karrierevegar avhengig av arbeidsmarknaden, personlege interesser, og eventuelt vidare utdanning. Våre studentar gjer karriere innanfor ulike sektorar i samfunnet og ser ut til å lukkast.

Studiet dannar grunnlag for opptak til relevante mastergradar innanfor fagfeltet i Noreg og i utlandet.