Journalistikk, spesialisering avis/nett

Høgskulen i Volda er nasjonalt kjend for å ha ei av landets leiande journalistutdanningar og utdannar journalistar for alle plattformer. Bachelorstudiet gir brei innføring i moderne, digitalt basert journalistikk for papir- og nettmedia. Dei store mediehusa har i dag integrerte redaksjonar der journalistikk blir produsert på alle plattformer. 

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 723

Studieinnhald

Studiet gir en grundig innføring i journalistikk, slik den vert praktisert i moderne mediehus. Det vert lagt stor vekt på å bruke same utstyr som ein finn ute i bransjen og å undervise i digital presentasjon basert på dei nyaste publiseringsprogramma. Studiet gir også kunnskap om lyd-, bilete- og tv-teknikk. Studentane får systematisk trening i journalistisk arbeid og kunnskap om jornalistikk som fag, i tillegg til kunnskap og innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål. Der er eit mål å gi studentane trening i å bruke ulike analysemodellar. Arbeidet på studiet varierer frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkar til meir analyserande og undersøkjande journalistikk. Utdanninga har fire periodar med obligatorisk praksis. I siste semesteret blir studentane som hovudregel utplasserte i riksdekkande eller regionale medieverksemder der dei går inn i ein redaksjon og arbeider som journalistar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. Kvote for søkjarar med relevant journalistisk praksis. Sjå Samordna opptak (SO).

Internasjonalisering

Studentar kan gjennomføre delar av studiet ved samarbeidande utdanningsinstitusjonar i utlandet. Det er også mogleg å ha studieopphald på dei andre nordiske journalistutdanningane.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagt opp som ein kombinasjon av teori og praksis med førelesingar og praktiske oppgåver enkeltvis og i grupper. Studiet spenner frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkane til meir analyserande og undersøkjande journalistikk.

I alle semestra er det obligatoriske oppgåver, individuelle og/eller gruppeoppgåver. Det er som regel korte fristar for å løyse oppgåvene. Oppgåvene må vere godkjende før studenten kan gå vidare i studiet.

Aktuelle yrke og vidare studium

Kunnskapsrike og kreative journalistar med ei medviten haldning til yrkesrolla si er etterspurde innanfor bransjen. Studentane ved journalistutdanninga får unike og attraktive praksisplassar i landets største mediebedrifter, noko som kan gi framtidig tilsetjing. Både i dei store mediehusa og i mindre redaksjonar arbeider mange journalistar som har studert i Volda. Bachelorgraden dannar grunnlag for opptak til relevante mastergradar i Noreg og i utlandet.