Journalistikk, spesialisering tv/radio

Høgskulen i Volda er nasjonalt kjend for å ha ei av landets leiande journalistutdanningar og utdannar journalistar for alle plattformer. Bachelorprogrammet utdannar journalistar med særleg vekt på bruk av lyd og levande bilete.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 849

Studieinnhald

Studiet gir ei brei innføring i kringkastingsjournalistikken sine mange format, teknikkar og teknologiar. Nettpublisering, som i dag er ein sentral del av jobben for tv- og radiojournalister, har ein sentral plass i utdanninga. 

Studentane får systematisk trening i journalistisk arbeid og kunnskap om jornalistikk som fag, i tillegg til kunnskap og innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål. Der er eit mål å gi studentane trening i å bruke ulike analysemodellar. Arbeidet på studiet varierer frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkar til meir analyserande og undersøkjande journalistikk. Det vert lagt stor vekt på at studentane får bruke det same utstyret som ein finn ute i bransjen.

Utdanninga har fire periodar med obligatorisk praksis. I siste semesteret blir studentane som hovudregel utplasserte i riksdekkande eller regionale medieverksemder der dei går inn i ein redaksjon og arbeider som journalistar.

Studentane må søkje hovudspesialisering i anten fjernsyn eller radio siste året.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. 

Internasjonalisering

Studentar kan gjennomføre delar av studiet ved samarbeidande utdanningsinstitusjonar i utlandet. Det er også mogleg å ha studieopphald på dei andre nordiske journalistutdanningane.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagt opp som ein kombinasjon av teori og praksis med førelesingar og praktiske oppgåver enkeltvis og i grupper. Studiet spenner frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkane til meir analyserande og undersøkjande journalistikk.

I alle semestra er det obligatoriske oppgåver, individuelle og/eller gruppeoppgåver. Det er som regel korte fristar for å løyse oppgåvene. Oppgåvene må vere godkjende før studenten kan gå vidare i studiet.

Aktuelle yrke og vidare studium

Kunnskapsrike og kreative journalistar med ei medviten haldning til yrkesrolla si er etterspurde innanfor bransjen. Studentane ved journalistutdanninga får unike og attraktive praksisplassar i landets største mediebedrifter, noko som kan gi framtidig tilsetjing. Både i NRK, TV2 og VGTV og P4 arbeider mange journalistar som har studert i Volda. 

Bachelorgraden dannar grunnlag for opptak til relevante mastergradar i Noreg og i utlandet.