Kunst og handverk, 2 x 15 stp.

Vidareutdanning i kunst og handverk har i hovudsak ei praktisk tilnærming og utviklar deg som utøvar i og formidlar av faget.

  • Organisering

    Heiltid
    Deltid
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4045

Studieinnhald

Studiet skal gi forståing for fagfeltet sin eigenverdi i eit historisk, samfunnsmessig, kulturelt, didaktisk og utviklingsmessig perspektiv. Du kan kombinere to ulike emne på 15 studiepoeng i faget. Det er mogleg å studere på deltid og fullføre to emne over eitt år, eller studere på heiltid og fullføre to emne på eit halvt år.

Valbare emne:

  • Leire - design og produktutvikling (vår)
  • Visuell kommunikasjon (vår)
  • Funksjonell design (haust)
  • Kunst - Skaping og formidling (vår)
  • Fagdidaktikk, kunst- og formkultur (haust)
  • Tekstil - formgiving til utebruk (haust)
  • Tre og tradisjonsarbeid (haust)

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Sentralt i studiet står ditt praktiske arbeid med oppgåver som skal bidra til utvikling av eiga form- og uttrykksevne. Undervisninga vil på alle nivå veksle mellom teori og praktisk arbeid i verkstadene, møte med kunst- og formkultur, og refleksjon kring eige og andre sitt arbeid. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kan inngå i Bachelor i kunst og handverk eller i andre bachelorgradar ved Høgskulen i Volda. Det kan også takast som frittståande vidareutdanning.