Kunst og handverk

Samfunn i utvikling treng menneske med estetisk kompetanse og evne til nyskaping. Kunnskap om kunst- og formkultur og formidling er viktig når ein skal utvikle identitet og forstå seg sjølv og andre.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 630

Studieinnhald

Studentane skal gjennom praktisk arbeid med oppgåver utvikle eiga form- og uttrykksevne, og tileigne seg fagleg og didaktisk kompetanse for å planlegge og gjennomføre ulike former for undervisnings- og formidlingsoppgåver. Gjennom året skal det utformast utstillingar og presentasjonar av eige arbeid, kunst- og kulturstoff eller prosjekt.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisningsformene vekslar mellom individuell oppgåveløysing med rettleiing, fellesundervisning og sjølvstudium. Arbeidsformene vil variere innanfor dei ulike emna, men i hovudsak er det individuelt skapande arbeid. Arbeidsbok vert brukt som metode i dei fleste emna for å gi eit tydelegare bilete av eiga utvikling. Metoden bygger på at studenten sjølv skriv ned sine refleksjonar og val, og formulerer nye mål innanfor det aktuelle fagfeltet.Teoriundervisninga vil i hovudsak vere fellesførelesingar. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir fagleg og didaktisk kompetanse som er relevant for arbeid i skulesektoren eller på andre område der kunst-, kultur- og mediefagleg kompetanse står sentralt. Det kan inngå i og er identisk med første året i bachelor i Kunst og handverk, og gir grunnlag for opptak til Kunst og handverk fordjupingsstudium.