Kunst og handverk

Bachelor i kunst og handverk er utdanninga for deg som vil utøve og formidle kunst og kultur i skulen eller kultursektoren. Studiet er i hovudsak praktisk, der oppgåveløysing knytt til fagteori er sentralt.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 472

Studieinnhald

Studiet gir innsikt og kompetanse i teknikkar innanfor varierte materialområde. Du lærer å nytte kunst- og formkultur som grunnlag for å oppleve og forstå ulike kulturar og andre tiders uttrykksformer som inspirasjon og utgangspunkt for eige skapande arbeid. Det er eit mål å gi studentane forståing for fagfeltet sin eigenverdi i eit historisk, samfunnsmessig, kulturelt og didaktisk perspektiv. Utforming av utstillingar og presentasjonar av eige arbeid, kunst- og kulturstoff eller prosjekt er også ein viktig del av studiet. 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Det blir lagt til rette for at studentar kan gjennomføre delar av bachelorgraden ved utdanningsinstitusjonar i utlandet som Høgskulen i Volda har samarbeidsavtalar med; University of Glamorgan i Wales eller University of Norwich i England.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er obligatorisk frammøte på store delar av undervisninga. Eiga kreativ utvikling og evne til å leggje til rette for læring står sentralt. Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studieprogrammet kvalifiserer for arbeid i kulturskulen, formidlingsarbeid i museum/galleri, kulturarbeid i kommunar m.m. Om du ønskjer å arbeide i skuleverket, må du byggje på bachelorgraden med eittårig Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Bachelorgraden gir grunnlag for opptak til mastergradsstudium i Kunst og handverk.