Religion, livssyn og etikk, 2 x 15 stp.

Årsstudium i religion, livssyn og etikk passar for deg som er interessert i religion, kultur, livssyn og etikk. Studiet gir formell kompetanse og innsikt i formidling av desse fagfelta.

  • Organisering

    Heiltid
    Deltid
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4035

Studieinnhald

Studiet gir kunnskap om religiøse tekstar, historia til kristendommen, andre religionar og livssyn, og om korleis desse tradisjonane står fram i dag. 

Studiet er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng. Du kan ta to emne på deltid (to semester) eller to emne på heiltid (eit semester). Valbare emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • REL 111 Bibelen – tekst og tolking
  • REL 112 Religion og livssyn
  • REL 113 Tru og tradisjon
  • REL 116 Populærkultur og livstolking i eit fleirkulturelt samfunn

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i førelesingar, seminar, individuell oppgåveskriving og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte. For eksamensordning, sjå emneplanar.

Aktuelle yrke og vidare studium

I kombinasjon med lærarutdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i KRLE-faget i grunnskulen. Som vidareutdanninga kan studiet også vere aktuelt for yrkesgrupper i helsesektoren, media og i kyrkja.

Studiet kan innpassast i årsstudium religion, livssyn og etikk.