Religion, livssyn og etikk, 2 x 15 stp, nettstudium, deltid

Kompetanse i religion, kultur, livssyn og historie er aktuelt og etterspurt i samfunnet. I skulen, i kyrkja, innanfor helsesektoren, i media og andre offentlege og private samanhengar trengst menneske som har kunnskapar om og innsikt i religions- og livssynsspørsmål, og som har dugleik i å formidle denne kunnskapen. Studiet har ei studieavgift på kr 8 000 + semesteravgift.

  • Organisering

    Heiltid
    Deltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4036
  • Studieavgift

    Kr 8 000,-

Studieinnhald

Du får kunnskap om religiøse tekstar, om historia til kristendommen og andre religionar og livssyn, og om korleis desse tradisjonane står fram i dag. Studiet skal også gi innsikt i religionspedagogiske spørsmål knytte til undervisning og formidling av religiøs tradisjon i skulen og i andre samanhengar.

Studiet er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng. Du kan ta to emne på deltid (to semester) eller to emne på heiltid (eit semester).  Valbare emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • REL 111N-AVG Bibelen – tekst og tolking
  • REL 112N-AVG Religion og livssyn
  • REL 113N-AVG Tru og tradisjon
  • REL 114N-AVG Religions- og livssynsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er nettbasert og organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar, kunnskapsprøver og innleveringar. Fristar for innlevering av oppgåver og plan for utlegging av leksjonar vert kunngjort ved semesterstart. Kontakt mellom student og faglærarar skjer på Fronter. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

I kombinasjon med ei lærarutdanning kvalifiserer studiet for undervisning i KRLE-faget i grunnskulen. Vidareutdanninga er også aktuelt for fleire yrkesgrupper som til dømes i helsesektoren, i media og i kyrkja. Studiet kan innpassast i RLE årsstudium (60 stp).