Religion, livssyn og etikk, årsstudium

Årsstudium i religion, livssyn og etikk passar for deg som er interessert i religion, kultur, livssyn og etikk. Studiet gir formell kompetanse og innsikt i formidling av desse fagfelta.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 196

Studieinnhald

Studiet gir kunnskap om religiøse tekstar, historia til kristendomen, andre religionar og livssyn og korleis desse tradisjonane står fram i dag.

Det er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng kvar:

  • REL 111 Bibelen – tekst og tolking
  • REL 112 Religion og livssyn
  • REL 113 Tru og tradisjon
  • REL 116 Populærkultur og livstolking i eit fleirkulturelt samfunn

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i førelesingar, seminar, individuell oppgåveskriving og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte. For eksamensordning, sjå emneplanar.

Aktuelle yrke og vidare studium

I kombinasjon med ei lærarutdanning gir studiet undervisningskompetanse i KRLE-faget i grunnskulen og faget Religion og etikk i vidaregåande opplæring. Studiet kan også inngå i andre yrkesutdanningar. Det gir innsikt i religions- og livssynsmangfaldet i Noreg og er derfor viktig for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i helsesektoren, i media og i kyrkja. Emna i årsstudiet kan innpassast i ulike bachelorgradar ved Høgskulen i Volda og gir grunnlag for opptak til fordjupingsstudium i religion og livssyn.