Religion, livssyn og etikk, 4 x 15 stp, nettstudium, deltid

Kompetanse i religion, kultur, livssyn og historie er aktuelt og etterspurd i samfunnet. I skulen, i kyrkja, innanfor helsesektoren, i media og andre offentlege og private samanhengar trengst menneske som har kunnskapar og innsikt i religions- og livssynsspørsmål, og som har dugleik i å formidle denne kunnskapen.

Studiet har ei avgift på kr 16 000 (kr 4 000 pr.emne) + semesteravgift.

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4138
  • Studieavgift

    Kr 16 000,-

Studieinnhald

Studiet gir deg kunnskap om og forståing for religiøse tekstar, om historia til kristendommen og andre religionar og livssyn, og om korleis desse tradisjonane står fram i dag. Det er sett saman av fire emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • REL 111N-AVG Bibelen – tekst og tolking
  • REL 112N-AVG Religion og livssyn
  • REL 113N-AVG Tru og tradisjon
  • REL 114N-AVG Religions- og livssynsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er nettbasert og organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar, kunnskapsprøver og innleveringar. Fristar for innlevering av oppgåver og plan for utlegging av leksjonar vert kunngjort ved semesterstart. Kontakt mellom student og faglærarar skjer på Fronter.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

I kombinasjon med ei lærarutdanning vil studiet kvalifisere for undervisning i KRLE-faget i grunnskulen og i RE-faget i den vidaregåande skulen. Vidareutdanninga er også aktuelt for fleire yrkesgrupper som til dømes i helsesektoren, i media og i kyrkja.

Emna i studiet kan inngå som valfri del i ulike bachelorgradar ved Høgskulen i Volda og gir grunnlag for opptak til RLE fordjupingsstudium.