Religion, livssyn og etikk, fordjupingsstudium

Kunnskap om mangfaldet innanfor religion, kultur og livssyn er viktig og aktuelt i vår tid. Kompetanse på dette fagfeltet er først og fremst etterspurd i skulen og i kyrkja. Men også innanfor helsesektoren, i media og andre offentlege og private samanhengar trengst menneske som har kunnskapar om og innsikt i religions- og livssynsspørsmål, og som har dugleik i å formidle dette.

  • Organisering

    Heiltid
    Deltid
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4236 (heiltid/deltid)

Studieinnhald

Studiet har eit obligatorisk og eitt valfritt emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Obligatorisk emne: Fordjupingsoppgåve i religion og livssyn
  • Valfritt emne: Livssynmarknad og livssynsdebatt (haust) eller Spiritualitet før og no (vår)

Det valfrie emnet må takast før eller parallelt med fordjupingsoppgåva.
Du kan ta emna på heiltid (eit semester) eller deltid (to semester)

Opptakskrav

Årsstudium i religion, livssyn og etikk (60 eller 50 studiepoeng i KRL/RLE) eller tilsvarande.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar, seminarsamlingar, og innleveringar. Plan for seminarsamlingar og leksjonar, samt fristar for innlevering av oppgåver vert kunngjort ved semesterstart. Les meir om arbeidskrav, vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

I kombinasjon med ei lærarutdanning gir studiet kompetanse i undervisning i KRLE-faget i grunnskulen og RE-faget i den vidaregåande skulen. Det kan innpassast i ulike bachelorgradar, til dømes Bachelor i religion og livssyn ved Høgskulen i Volda.