Matematikk 1 for 1.–7. årssteg

Matematikkfaget har i dag høg politisk prioritet. Lærarar som tek vidareutdanning i matematikk er difor etterspurde i skulen. Ved Høgskulen i Volda kan du utvide kompetansen din i dette faget ved å ta deltidsstudium som er spesielt tilrettelagde for yrkesaktive. Studiet har ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar. Avgift på kr 8000 (kr 4000 pr. emne) + semesteravgift.

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
    Samlingar
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

    15. april 2016
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4055
  • Studieavgift

    Kr 8 000,-

Studieinnhald

Gjennom studiet får du eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 1.-7. årssteg. Du skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som du skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. Faglege tema i studiet er mellom anna tallære, algebra, statistikk, sannsyn, geometri, måling og funksjonsomgrepet. Didaktiske tema er mellom anna læringsteoriar i matematikk, arbeidsmåtar og metodar i klasserommet, begynnaropplæring, matematikkvanskar, vurdering og bruk av IKT i matematikk.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar, førskulelærar, faglærar eller PPU) 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Undervisninga elles vert gitt i Fronter og Adobe Connect. Du må difor ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer med eit stort innslag av oppgåve- og problemløysing, støtta av oppgåvedrøfting og førelesing. Det vert kravt aktiv deltaking frå studentane gjennom heile studiet. Ulike innleveringsoppgåver skal leverast etter oppsett tidsplan, og det er ein føresetnad at studentane er aktive i diskusjonar og presentasjonar på nettet til fastsette tider.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanninga svarar til den obligatoriske matematikkdelen av grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. årssteg. Studiet dannar grunnlag for opptak på Matematikk 2 for 1.- 7. årssteg.