Matematikk 1 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Vidareutdanningstilbodet er retta mot lærarar som har lite eller ingen matematikk i si tidlegare utdanning og tilsvarar Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 1.–7. klassesteget. Studiet er tilrettelagt og reservert for lærarar som er tekne opp gjennom Kunnskapsdepartementet si satsing Kompetanse for kvalitet. Studiet har ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar.

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
    Samlingar
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

    26. mai 2017
  • Startsemester

    Haust

Studieinnhald

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planlegge, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 1.-7. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som han skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida.  Faglege tema i studiet er mellom anna tallære, algebra, statistikk, sannsyn, geometri, måling og funksjonsomgrepet. Didaktiske tema er mellom anna læringsteoriar i matematikk, arbeidsmåtar og metodar i klasserommet, begynnaropplæring, matematikkvanskar, vurdering og bruk av IKT i matematikk.

Opptakskrav

Lærarutdanning

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Nettundervisninga vert gitt i Fronter og Adobe Connect. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.