Matematikk 2 for 5.–10. årssteg

Matematikkfaget har i dag høg politisk prioritet. Lærarar med vidareutdanning i matematikk er difor etterspurde i skulen. Ved Høgskulen i Volda kan du utvide kompetansen din i dette faget ved å ta deltidsstudium som er spesielt tilrettelagde for yrkesaktive. Studiet har ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar. Avgift på kr 8000 (kr 4000 pr. emne) + semesteravgift.

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
    Samlingar
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4157
  • Studieavgift

    Kr 8 000,-

Studieinnhald

Gjennom studiet får du eit godt didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. årssteg. Du skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som du skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. Tema i studiet er matematikkdidaktisk forsking og forskingsmetodar, matematisk analyse (funksjonar, derivasjon, integrasjon), talteori, bevis, argumentasjon og matematisk teoridanning. 

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning og 30 stp i matematikk.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Undervisninga elles vert gitt i Fronter og Adobe Connect. Du treng difor datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer med eit stort innslag av oppgåve- og problemløysing, støtta av oppgåvedrøfting og førelesing. Det vert kravt aktiv deltaking frå studentane gjennom heile studiet. Ulike innleveringsoppgåver skal leverast etter oppsett tidsplan, og det er ein føresetnad at studentane er aktive i diskusjonar og presentasjonar på nettet til fastsette tider.

Aktuelle yrke og vidare studium

Matematikk 2 (5-10) svarar til andre halvdel av årseininga i matematikk i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. årssteg. Temavalet er gjort for å gi kompetanse til å undervise matematikk på mellomsteget og ungdomssteget.

Studiet dannar grunnlag for opptak på «Vidareutdanning i matematikk» (masternivå). Lærarutdanning med 60 studiepoeng matematikk kan gi opptak til Master i undervisning og læring – spesialisering i matematikk.