Matematikk 2 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Vidareutdanningstilbodet er retta mot lærarar som har 30 studiepoeng matematikk i si tidlegare utdanning og tilsvarar Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. årssteg. Studiet er tilrettelagt og reservert for lærarar som er tekne opp gjennom Kunnskapsdepartementet si satsing Kompetanse for kvalitet. Studiet har ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar.

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
    Samlingar
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

    01. mars 2017
  • Startsemester

    Haust

Studieinnhald

Studiet skal gi solid didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.–10. årssteg. Studentane skal få kompetanse til å undervise matematikk, i tillegg til kompetanse til å kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. Tema i studiet er matematikkdidaktisk forsking og forskingsmetodar, matematisk analyse (funksjonar, derivasjon, integrasjon), talteori, bevis, argumentasjon og matematisk teoridanning.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng Matematikk 1 eller tilsvarande.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Nettundervisninga vert gitt i Fronter og Adobe Connect. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer for undervisning i matematikk på 5.–10. årssteg i grunnskulen. Lærarutdanning med 60 studiepoeng matematikk kan gi opptak til Master i undervisning og læring – spesialisering i matematikk.