Grunnskulelærarutdanning for 1. - 7. trinn

Vil du ha ein variert, utfordrande og morosam jobb som bidreg til at barn lærer og meistrar? Som grunnskulelærar for 1.–7. klasse vel du eit viktig og meiningsfullt yrke. Du skal vere ein av dei som sørgjer for at borna lærer seg å lese, skrive og rekne, og motivere dei til fagleg og personleg utvikling i takt med deira eigne føresetnader. Volda  er kjent for eit godt studiemiljø med tett kontakt mellom studentar og lærarar. Vi har alt du treng samla på ein liten stad.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    300
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223.547

Studieinnhald

Du vil kunne velje breidde og fordjuping i undervisningsfag. Vi tilbyr masterfordjuping i faga norsk, matematikk og spesialpedagogikk. På GLU 1-7 er norsk og matematikk obligatoriske fag i tillegg til pedagogikk og elevkunnskap. Andre fag som kan veljast er engelsk, kunst og handverk, KRLE, kroppsøving, naturfag og spesialpedagogikk, samt digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon (30 stp.)

Obligatorisk praksisopplæring i grunnskulen inngår også i studiet. Du får variert og rettleia praksisopplæring gjennom heile studieløpet ved våre samarbeidsskular i regionen. 

Klikk for studiemodell

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og minst karakteren 4 (gjennomsnitt) i matematikk og minst karakteren 3 (gjennomsnitt) i norsk, og minst 35 skulepoeng.

Kravet i matematikk fell bort om du har matematikk på høgre nivå

Internasjonalisering

Høgskulen i Volda har mange samarbeidspartnarar i utlandet og vi tilbyr utveksling til internasjonale lærarutdanningsinstitusjonar i løpet av studiet. I tillegg blir det arrangert studieturar til utlandet i regi av dei ulike faga i løpet av studiet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiestad er Volda, og all undervisning skjer her. I praksisperiodane vil studentane bli fordelt på ulike praksisskular i nærområdet. Arbeidsmengda skal vere om lag 1.600 arbeidstimar per 60 studiepoeng per år, fordelt over 40 veker. Studentane skal få erfaring med  yrkesrelevante arbeids- og vurderingsformer. Det vil vere stor variasjon i arbeidsformene. Aktuelle arbeidsformer vil t.d.vere:

  • forelesing
  • arbeid i grupper
  • praksis
  • arbeid med ulike arbeidskrav
  • oppgåveskriving
  • rettleiing individuelt og i grupper
  • seminar med fokus på gjennomgåande tema i studiet
  • litteraturstudium
  • studieturar
  • feltarbeid/datainnsamling

Arbeidsformene er gjort meir detaljert greie for i emneplanane i dei ulike faga. Høgskulen legg vekt på å legge opp til studentaktive læringsformer. I tillegg til å delta aktiv i dei ulike læringsaktivitetane, er det forventa at studenten tek ansvar for å før- og etterarbeid av studieaktivitetane. Det er forventa at studenten legg inn vesentleg tid til sjølvstudium i løpet av studieåret.

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga i studiet. For å framstille seg til eksamen i eit emne må frammøtekrav og alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt. På emne som byggjer på kvarandre, må emnet før vere fullført før studenten kan ta eksamen i emnet. Sjå elles Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, Kapittel 4 - Om gjennomføring av studiet.

Studenten må ha karakteren "Stått" i praksis kvart år for å gå vidare i studiet. Sjå meir om dette i emneplanane for praksis.

Aktuelle yrke og vidare studium

Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7 kvalifserer i første rekkje til arbeid som lektor i grunnskulen i dei faga som du vel i utdanninga di. Utdanninga kan også gi grunnlag for arbeid i andre yrke der pedagogikk og menneskekunnskap er viktig.

Ei femårig masterutdanning gir også grunnlag for opptak til Dr. grads­studium.

Du kan også bygge på utdanninga di ved å ta vidareutdanning i fleire undervisningsfag.