Grunnskulelærarutdanning for 5. - 10. trinn

Har du lyst på ein variert, utfordrande og morosam jobb i møte med unge menneske? Som grunnskulelærar for 5. ­ 10. klasse får du vere med på å forme elevane ved å lære dei å meistre, lære og utvikle seg fagleg og personleg i takt med eigne føresetnader.

Volda er kjent for eit godt studiemiljø med tett kontakt mellom studentar og lærarar. Vi har alt du treng samla på ein liten stad!

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    300
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223.651

Studieinnhald

Praksis i utlandet? Valfag ved medieutdanninga? Som student på Grunnskulelærarutdanninga i Volda (GLU) har du unike moglegheiter til å velje både breidde og fordjupning i undervisningsfag!

Vi tilbyr masterfordjuping i faga norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag og spesialpedagogikk.

Pedagogikk og elevkunnskap er obligatorisk, i tillegg kan du velje ein kombinasjon av faga norsk eller matematikk og samfunnsfag eller engelsk (til saman 60 studiepoeng i to av faga). Andre fag som kan veljast er KRLE, kroppsøving, naturfag og spesialpedagogikk samt digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon (30 studiepoeng).

Obligatorisk praksisopplæring i grunnskulen inngår også i studiet. Du får variert og rettleia praksisopplæring gjennom heile studieløpet ved våre samarbeidsskular i regionen. 

Klikk for studiemodell

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og minst karakteren 4 (gjennomsnitt) i matematikk og minst karakteren 3 (gjennomsnitt) i norsk, og minst 35 skulepoeng.

Kravet i matematikk fell bort om du har matematikk på høgre nivå.

Har du ein gjennomsnittskarakter mellom 3 og 4 i matematikk, kan du ta forkurs ved Høgskulen i Volda.

Internasjonalisering

Høgskulen i Volda har mange samarbeidspartnarar i utlandet og vi tilbyr utveksling til internasjonale lærarutdanningsinstitusjonar i løpet av studiet. I tillegg blir det arrangert studieturar til utlandet i regi av dei ulike faga i løpet av studiet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Organisering og arbeidsmåtar 

Studiestad er Volda, og all undervisning skjer her. I praksisperiodane vil studentane bli fordelt på ulike praksisskular i nærområdet. Arbeidsmengda skal vere om lag 1.600 arbeidstimar per 60 studiepoeng per år, fordelt over 40 veker. Studentane skal få erfaring med  yrkesrelevante arbeids- og vurderingsformer. Det vil vere stor variasjon i arbeidsformene. Aktuelle arbeidsformer vil t.d.vere:

  • forelesing
  • arbeid i grupper
  • praksis
  • arbeid med ulike arbeidskrav
  • oppgåveskriving
  • rettleiing individuelt og i grupper
  • seminar med fokus på gjennomgåande tema i studiet
  • litteraturstudium
  • studieturar
  • feltarbeid/datainnsamling

Arbeidsformene er gjort meir detaljert greie for i emneplanane i dei ulike faga. Høgskulen legg vekt på å legge opp til studentaktive læringsformer. I tillegg til å delta aktiv i dei ulike læringsaktivitetane, er det forventa at studenten tek ansvar for å før- og etterarbeid av studieaktivitetane. Det er forventa at studenten legg inn vesentleg tid til sjølvstudium i løpet av studieåret.

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga i studiet. For å framstille seg til eksamen i eit emne må frammøtekrav og alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt. På emne som byggjer på kvarandre, må emnet før vere fullført før studenten kan ta eksamen i emnet. Sjå elles Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, Kapittel 4 - Om gjennomføring av studiet.

Studenten må ha karakteren "Stått" i praksis kvart år for å gå vidare i studiet. Sjå meir om dette i emneplanane for praksis.

Aktuelle yrke og vidare studium

Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5­-10 kvalifserer i første rekkje til arbeid som lektor i grunnskulen i dei faga som du vel i utdanninga di. Utdanninga kan også gi grunnlag for arbeid i andre skuleslag og/eller yrke der pedagogikk og menneskekunnskap er viktig.

Ei femårig masterutdanning gir også grunnlag for opptak til Dr.gradsstudium.

Du kan også bygge på utdanninga di ved å ta vidareutdanning i fleire undervisningsfag.