Matematikk

Studiet er ei vidareutdanning på masternivå knytt til skulefaget matematikk, og det er retta mot deg som har lærarutdanning og minimum 60 studiepoeng i matematikk frå før. Studiet inngår i Master i undervisning og læring, med spesialiseringar i matematikk, norsk eller spesialpedagogikk. Dersom du seinare ønskjer å fullføre ein mastergrad, kan du søkje opptak på denne masteren med spesialisering i matematikk.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4386

Studieinnhald

Studiet inneheld dei tre hovudtemaa problemløysing, modellering og matematikkens historie. Problemløysing og modellering er begge gode døme på matematikk som reiskapsfag, samstundes som dei i skulen gir godt grunnlag for tilpassa opplæring. Å kjenne matematikkens historie og korleis den matematiske kunnskapen har utvikla seg, er viktig om ein arbeider med læring i matematikk. Ikkje minst for å forstå kvifor matematikkfaget i skulen ser ut som det gjer. Geometrien og algebraen si historiske utvikling, deira innhald og deira plass i skulematematikken vert vektlagt.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (eller student ved grunnskulelærarutdanning) og 60 studiepoeng matematikk med karakteren C eller betre.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er bygd opp av to emne kvar på 15 studiepoeng. Kvart emne har fem samlingar over to dagar. Det er obligatorisk oppmøte på samlingane og arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Fullført vidareutdanning gir deg oppdatert og forskingsbasert kunnskap i og om faget matematikk. Slik kompetanse er i dag svært etterspurt i grunnskulen.