Mediekunnskap

Mediekunnskap årsstudium gir deg brei innføring i tradisjonelle og nye medium relatert til skule, arbeidsliv og samfunn.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 663

Studieinnhald

Studiet gir teoretisk og praktisk kunnskap innan mediefeltet. Studiet er felles med første året av bachelorstudiet i Media, IKT og design, og gjev ei innføring i design, foto, videoproduksjon og web samt medieteori.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisning er organisert i form av forelesingar ved Høgskulen i Volda, workshops og praktisk arbeid individuelt og i gruppe. Det vert lagt vekt på problembaserte og studentaktive arbeidsformer. Du må disponere eigen bærbar PC og headset med mikrofon og eksternt lagringsmedium.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudiet er ikkje retta spesielt mot ein bestemt profesjon, men skal gi ei brei innføring i fagfeltet som eit grunnlag for vidare spesialisering eller som vidareutdanning for lærarar. Studiet kan innpassast i bachelorgraden i Media, IKT og design, og i andre bachelorgradar ved Høgskulen i Volda.