Rettleiing / Mentorutdanning 1

Rettleiing / Mentorutdanning 1 er retta mot barnehagelærarar/førskulelærarar, grunnskulelærarar og lærarar i vidaregåande opplæring. Målet er å utvikle kompetanse i å rettleie nyutdanna lærarar og kollegaer elles i barnehagen og i grunn- og vidaregåande opplæring, i tillegg til å styrke kvaliteten i grunnutdanninga si praksisopplæring.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4014

Studieinnhald

Studiet gir innføring i ulike teoriar og metodar for rettleiing knytt til læring og kompetanseutvikling. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis og for nyutdanna lærarar og i kollegiet elles.

Opptakskrav

Førskulelærar- eller lærarutdanning og vere i arbeid som førskulelærar eller lærar.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert med nettstøtte. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir kompetanse i rettleiing av studentar i praksis og kollegaer i barnehage og skule.