Rettleiing / Mentorutdanning 2

Rettleiing / Mentorutdanning er retta mot barnehagelærarar/førskulelærarar, grunnskulelærarar og lærarar i vidaregåande opplæring som skal vere praksislærar eller rettleiar for nyutdanna.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4114

Studieinnhald

Studiet skal gi studentane kompetanse i å rettleie nyutdanna lærarar i barnehagen og i grunn- og vidaregåande opplæring, i tillegg til å bidra til å styrke kvaliteten i grunnutdanninga si praksisopplæring gjennom kvalifisering av praksislærarar. Det har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Studentane får innføring i ulike teoriar og metodar for rettleiing knytt til læring og kompetanseutvikling.

Sentrale tema som kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing vert vidareført frå Rettleiing og mentorutdanning 1. Det vert vidare lagt vekt på korleis rettleiing og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap kan nyttast som støtte for utvikling av profesjonsidentitet og yrkesrolle.

Opptakskrav

Studentane må ha godkjend førskulelærar- eller lærarutdanning og vere i arbeid som førskulelærar eller lærar. I tillegg er det krav om gjennomført Rettleiing-og mentorutdanning 1 (15 stp).

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet går over 2 semester. Undervisninga er samlingsbasert med nettstøtte. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir kompetanse i rettleiing av studentar i praksis eller nyutdanna lærarar i barnehage og skule.