Matkultur og helse

Er du interessert i mat og helse? Som student ved årsstudiet vil du lære å arbeide med mat frå mange ulike perspektiv og tradisjonar. 

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 446

Studieinnhald

Studiet er delt i to fagdelar: Mat, kosthald og helse og Mat, kultur og konservering. Du skal få grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter i det å undervise i matkultur og helse i grunnskulen, og lære å planlegge ei undervisning som tek vare på både dei praktiske og teoretiske sidene ved faget. I tillegg vil du få kunnskapar om norsk matkultur og korleis denne har utvikla seg frå forhistorisk tid og fram til i dag.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet har allsidige undervisningformer med forelesingar, praktisk matlaging (både ute og inne), eksperimentering, ekskursjonar, prosjekt- og temaarbeid. Ei praksisperiode på minimum 10 dagar inngår som integrert del for dei som tek studiet som del av ei lærarutdanning. Studentar som ikkje skal ha praksis må gjennomføre eit kompensatorisk arbeid. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudiet er eigna for dei som vil formidle matkultur og helse til barn, ungdom og vaksne i skuleverket eller anna formidlingsverksemd. Det kan inngå i ei lærarutdanning og som valfri del av ein bachelorgrad.