Media, IKT og design - mediedesign

Er du kreativ, engasjert og vil jobbe i framtidas mediebransje? På Media, IKT og Design skapar du innhald for og utformar dagens og morgondagens plattformar. I studieretninga Mediedesign jobbar du med å designe brukarorienterte visuelle og interaktive produkt som kombinerer tekst, lyd, bilde og video.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 514

Studieinnhald

Mediedesign har fokus på visuelle uttrykk og interaktivitet med særleg vekt på web og multimedia. Du jobbar med strategiog konseptutvikling, brukaroppleving og utforming av multimediale produkt for ulike plattformer.

Studiet sitt første år er felles med studieretninga Medieproduksjon og gir deg ei innføring i design, foto, videoproduksjon og web samt medieteori. Deretter spesialiserer du deg i visuell kommunikasjon, interaksjonsdesign og multimedieproduksjon.

Som del av studiet inngår både praksisopphald, større prosjektarbeid og produksjonar for ulike oppdragsgivarar, og du jobbar både individuelt og i team. 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Internasjonalisering

Studiet er lagt opp slik at studentane kan gjennomføre eit semester ved eit universitet i utlandet, som i til dømes London, Hawaii eller San Diego.

Studieprogrammet tek i mot studentar frå utlandet i nokre av emna, og vi får også besøk av gjesteførelesarar frå utlandet. Nokre emne og enkeltførelesingar kan derfor vere undervist på engelsk.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i form av førelesingar, workshops og praktisk arbeid, individuelt og i gruppe. Det blir lagt vekt på problembaserte og studentaktive arbeidsformer, og vi har eit godt samarbeid med næringslivet, både gjennom prosjekt og praksis. 

Du må disponere egen berbar PC og headset med mikrofon og eksternt lagringsmedium.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Mediedesign åpnar for eit breitt spekter av jobbar innan web­ og multimediedesign, til dømes som front end­designar, apputviklar, interaksjonsdesignar eller multimediedesignar. Bachelor i media, IKT og design kvalifserer for vidare studium på mastergradsnivå, mellom anna master i Media Practices.