Media, IKT og design - medieproduksjon

Er du kreativ, engasjert og vil jobbe i framtidas mediebransje? På Media, IKT og design skapar du innhald for og utformar dagens og morgondagens plattformer. I studieretninga Medieproduksjon jobbar du med bilde­ og videoproduksjonar innan fleire sjangrar.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 845

Studieinnhald

Medieproduksjon fokuserer på film, foto og fleirkameraproduksjon. Du jobbar med bilde­ og videoproduksjonar innan fleire sjangrar, med fokus både på teknikk, dramaturgi og innhaldsproduksjon mot ulike plattformer.

Studiet sitt første år er felles med studieretninga Mediedesign og gir deg ei innføring i design, foto, videoproduksjon og web samt medieteori. Deretter spesialiserer du deg i medieproduksjonsfeltet med varierte prosjekt innan kortfilm, live­produksjon, corporate productions, destinasjonsbranding og nye uttrykksformer mot nett. Som del av studiet inngår både praksisopphald, større prosjektarbeid og produksjonar for ulike oppdragsgivarar, og du vil jobbe både individuelt og i team. 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Studiet er lagt opp slik at studentane kan gjennomføre eit semester ved eit universitet i utlandet.

Studieprogrammet tek også i mot studentar frå utlandet i nokre av emna, og vi får besøk av gjesteførelesarar frå utlandet. 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i form av førelesingar, workshops og praktisk arbeid, individuelt og i gruppe. Det blir lagt vekt på problembaserte og studentaktive arbeidsformer, og vi har eit godt samarbeid med næringslivet, både gjennom prosjekt og praksis. 

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Denne studieretninga kvalifiserer til ulike yrke i mediebransjen, og kan danne grunnlag for ei karriere som medieprodusent innan oppdragsfilm, foto og eventproduksjon. Bachelor i Media, IKT og design kvalifiserer for vidare studium på mastergradsnivå, mellom anna Master i Media Practices.