Mat, kultur og konservering

Mat, kultur og konservering er eit tverrfagleg studium retta mot deg som er interessert i matkultur, mattradisjonar og konservering og som ønskjer praktisk og teoretisk kunnskap i faget.

  • Organisering

    Deltid
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4051

Studieinnhald

Sentralt i studiet er forståing for matkultur i eit historisk perspektiv og samanhengen mellom naturgrunnlag og kosthald. Du skal lære tradisjonell matlaging, oppbevaring og konservering av ulike råvarer. Studiet er praktisk retta, men har òg ein sentral teoretisk del. Viktige tema er mat i eit historisk og kulturelt perspektiv, konservering av mat og mattradisjonar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i samlingar. Det er fem samlinger per semester i tilknytning til helg.

Torsdag kl.16.00–20.00 og fredag kl.09.00–15.00. I tillegg kjem frammøte til eksamen og arrangement i samband med eit arbeidskrav.

Du må gjennomføre praktiske og teoretiske oppgåver mellom samlingane. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studieprogrammet er godt eigna for dei som vil formidle mat og matkultur til barn, ungdom og vaksne i ulike samanhengar slik som barnehage, skule og anna formidlingsverksemd. Det kan inngå i ei lærarutdanning og som valfri del av ein bachelorgrad. Utdanninga kan byggast ut til Årsstudium i matkultur og helse ved Høgskulen i Volda.