Musikk

Som student ved Musikk årsstudium får du ta del i eit aktivt og rikt musikkmiljø. Høgskulen har eige høgskulekor og symfoniorkester, og kan tilby musikkstudio på profesjonelt nivå og gode øvingslokalitetar.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 667

Studieinnhald

Årstudiet gir deg ei grunnleggande innføring i musikkteoretiske emne, praktisk musisering og musikkpedagogikk for grunnskulen. Det er eit mål at du gjennom praktisk erfaring i studentgruppa og i grunnskulen skal utvikle god fagleg innsikt og evne til didaktisk og yrkesetisk refleksjon.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Organisering av undervisninga vil veksle mellom førelesing, verkstadarbeid, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, til dømes grunnskulen/skulefritidsordning (SFO), kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar og det frie kulturlivet. Det er identisk med første året i bachelor i Musikk ved Høgskulen i Volda. Det kan også inngå som valfri del i andre bachelorgradar, og gir grunnlag for opptak til fordjupingsstudium i musikk.