Musikk og livshandtering 1

Emnet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen, helse- og sosialsektoren, det frie kulturlivet og privat næring. Det tek utgangspunkt i musikalsk aktivitet som middel til modning, livshandtering og psykisk velvære, og utforskar dei aspekta både praktisk og teoretisk.

  • Organisering

    Samlingar
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4093
  • Studieavgift

    4000

Studieinnhald

Emnet vil gi teoretisk bakgrunnskunnskap og praktisk trening i skapande og medskapande musikkaktivitet, samtidig som musikkaktiviteten vil vere utgangspunkt for refleksjonar og diskusjonar om dei kommunikative og sosiale eigenskapane som slik aktivitet trenar opp. Det blir lagt vekt på det potensialet for modning og samfunnsintegrering som kan fylgje med musikkaktivitetar. Det estetisk-faglege er hovudfokus, men i dette emnet blir treninga av det estetisk-faglege i tillegg sett på som hjelp til etisk modning og integrering. Å delta i ein gruppeimprovisasjon, til dømes, vil då seie, i tillegg til å dyktiggjere seg på improvisasjon, å utvikle eigen toleranse, ansvarlegdom, samarbeidsvilje og evne til å sjå på kvar tilfeldig livshending som utgangspunkt for å skape noko positivt. Refleksjon og diskusjon er difor ein naturleg del av aktiviteten for nettopp å kunne nære både den estetisk-faglege og den personlege, etiske utviklinga like mykje.

Emnet er sett saman av:

  • Musikk og meistring
  • Samsong og fellesskap
  • Improvisasjon og fridom
  • Akustikk og verdsetting
  • Inspirasjon og indre glød

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Viktige delar av undervisninga vil gå gjennom refleksjon, diskusjon, praktisk øving og framføring.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gjev grunnlag for vidare studium i musikk og kan innpassast i bachelorgraden i musikk ved Høgskulen i Volda. Det kan også innpassast i andre bachelorgrader eller i ei faglærarutdanning, som gir grunnlag for opptak i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Med dette studiet innpassa i ein bachelorgrad vil ein kunne søke seg vidare på masterstudiet Meistring og myndiggjering ved HVO. For å få formell undervisningskompetanse for grunnskulen eller vidaregåande skule må ein ha fullført eit praktisk pedagogisk studium i tillegg. Studiet kan også danne grunnlag for undervisning i kulturskulen.