STUDIEPLAN

Har du lyst til å lære meir om musikk, spele og komponere saman med andre? Som bachelorstudent i musikk får du ei solid og allsidig musikkutdanning. Studiet passar for deg som vil utvikle deg som utøvar og kan tenkje deg å undervise i grunnskulen, kulturskulen og elles i kultursektoren. Høgskulen har eige høgskulekor og symfoniorkester, og kan tilby musikkstudio på profesjonelt nivå og gode øvingslokalitetar.

Musikk (bachelor)

Studieprogram: 
Bachelorgradsstudium i musikk
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2017
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering: 
Heiltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse. Det er tilrådd at studenten har noko vokal eller instrumental praksis.

Om studiet: 

Bachelor i musikk er ei praktisk-teoretisk utdanning i musikkfaget med fokus på musikkfaglege disiplinar, utøving, formidling og fagdidaktikk. Studiet gjev grunnlag for utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. skulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring. Bachelorgraden gjev grunnlag for vidare studium på masternivå og for PPU- utdanning. 

Praksis eller eit praktisk prosjekt i barneskulen og eit kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, inngår i første året på studiet.

Læringsutbytte: 
  • I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Studenten

  • kan grunnleggande musikkteori, musikkhistorie og musikkutøving på hovudinstrument, samt å medverke i kor og/eller orkester.
  • har kunnskap om musikalsk utvikling og uttrykk hjå barn, den musikalske kulturarven vår, musikk som samfunnsfenomen og musikk som pedagogisk reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling.
  •  kjenner til sentrale musikkpedagogiske metodar, verkty og prosessar på ulike nivå, og ha kjennskap till gjeldande planverk for den norske grunnskulen, og særleg læringsmål og kompetansemål for musikkfaget.
  •  veit om faglege og metodiske element innan instrumentalopplæring og didaktiske og metodisk element knytt til undervisning på hovudinstrument.
  •  har kjennskap til kulturskulen; innhald og organisering og kjenne til sentrale problemstillingar innan musikkterapi, musikk og helse, musikk og identitet.
  •  har arbeidd med innstudering og framføring i kor og/eller instrumentalensemble, musikkinterpretasjon og -formidling. Vidare kjenne musikken sin funksjon i samfunnet og samanheng mellom musikk, media og miljø. Vurdere tekniske og musikkfaglege utfordringar for hovudinstrumentet, samt plukke ut repertoar for hovudinstrumentet.
  •  kjenner til korleis ein gjer eit repertoarval og ulike typar partitur for vokale eller instrumentale ensemble, vite om tekniske utfordringar og oppvarmingsteknikk for ulike typar vokal- og instrumentale ensemble, ulik innstuderingsmetodikk, samt kunne ulike takteringsmønster og direksjonsteknikkar.
  •  har kunnskap om ulike typar instrumentgrupperl, ulike typar ensemble, varierte arrangeringsteknikkar og instrument- og klangbruk.

 kjenner til sentrale utviklingstrekk innan lydteknologifeltet, grunnleggande prinsipp for akustikk, PA-anlegg, opptak og redigering av lyd og musikk og å bruke internett som kjelde for arbeid med musikkteknologi og som publiseringskanal.

 

 

Kunnskapar: 

Studenten

  • har kunnskap om utøving av musikkfaget i ein brei fagleg kontekst i ulike samanhengar i samfunnet
  • kjenner til fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet
  • forstår sentrale musikkpedagogiske problemstillingar, metodar og verkty på ulike nivå
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid i musikkfaget og korleis ein kan vidareutvikle eigne kunnskapar i faget
  • har kunnskap om utvalde retningar innan vitskapsteori og metode
Ferdigheiter: 

Studenten

  • kan nytte teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i musikkfagleg utøving og formidling
  • kan nytte musikkfagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar, grunngje vala sine og analysere relevante kulturfaglege uttrykk
  • kan nytte ulike pedagogiske metodar og verkty som har relevans for musikkfaget i ulike samanhengar og på ulike nivå, og tilpasse lærestoff og arbeidsmåtar til elevane sine føresetnadar og interesse
  • kan reflektere over eigne ferdigheiter innan utøving og fagdidaktikken og har evne til fagleg fornying
Generell kompetanse: 

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre, i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis
Organisering og arbeidsmåtar: 

For å oppnå bachelorgraden må studenten ha til saman 180 studiepoeng. Musikk må utgjere minst 90 studiepoeng og maksimum 150 studiepoeng. Inntil 90 studiepoeng kan vere emne frå andre støttefag. Anbefalt løp for bachelorgraden er 150 studiepoeng i musikkfag og 30 studiepoeng støttefag. Sidan bachelorgraden har ei pedagogisk vinkling, er det eit krav at støttefag skal ha relevans for skulen eller kulturskulen. Delar av studiet kan takast ved utanlandske institusjonar, som til dømes musikk-konservatoriet i Riga. (Emna i første studieår i bachelor Musikk tilsvarar årsstudiet i Musikk. Studentar som har fullført årsstudium kan difor søkje overgang til bachelorgraden innan gitt frist, og ta direkte til på andre studieår.) 

Navn: 
Musikk bachelorstudium
Emne2017 Haust2018 Vår2018 Haust2019 Vår2019 Haust2020 Vår
Obligatoriske emne
3030
 
15
 
15
 
15
 
15
Fordjupingsemne (I tillegg til bacheloroppgåva (MUS205) skal du velje minst eitt fordjupningsemne på 15 stp (200-kode).)
15151515
 
15
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
151515
 
1515
Andre valemne ved Avdeling for kulturfag: NB! Det er forkrav til fleire av emna. Pass på at du vel rett kombinasjon og rekkefylgje. Det kan vere timeplanmessige utfordringar med ein del kombinasjonar av emne.
15151515
 
1515
 
1515
Praksis: 

Praksis i studium av emne med eit didaktisk innhald (MUS102, MUS104, MUS201 og MUS208) kan det verte lagt til rette for praksis i musikk. Omfang og form er avhengig av emne.

Anna: 
Det vert arrangert obligatorisk studietur til Ole Bull Akademiet på Voss for studentar første året (emne MUS102).For andre ekskursjonar, sjå det enkelte emnet.
Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Svein Hunnes