Inn i musikken

Vidareutdanninga Inn i musikken er eit halvårsstudium som gir eit fagleg grunnlag i disiplinane musikkteori, arrangering, høyrelære, musikkorientering og utøving.

  • Organisering

    Deltid
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4061

Studieinnhald

I studiet vert det lagt vekt på desse fagområda:

  • Praktisk-teoretiske disiplinar i musikkfaget og om korleis desse kan nyttast i ulike samanhengar
  • Musikk og musikkfaget si historie og tradisjonar, med vekt på den vestlege kunstmusikken og populærmusikk, og norsk og samisk folkemusikk
  • Musikkutøving og framføringspraksis
  • Nytte hovudinstrument i utøvingssituasjonar åleine og i samspel med andre
  • Lage enkelt pianoakkompagnement etter besifring
  • Arrangere og legge til rette musikalsk materiale med tanke på song/samspel i ulike mindre ensemble

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Undervisninga vekslar mellom plenum og større og mindre grupper og arbeid i verkstad. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kan godskrivast som del av Musikk årsstudium eller Bachelor i musikk ved Høgskulen i Volda.