Musikkundervisning for barn og unge

Vidareutdanninga gir eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planlegge, organisere, gjennomføre og evaluere ulike læringsprosessar og arbeidsmåtar i musikkfaget.

  • Organisering

    Deltid
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4060

Studieinnhald

Studentane skal utvikle haldningar, kunnskapar, ferdigheiter og handlingskompetanse i musikkfaget gjennom arbeid med desse hovudområda: musikkutøving, lytting, komponering, didaktisk refleksjon og praksis. Praksis i barneskulen og eit kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, inngår i studiet.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Undervisninga er organisert som veksling mellom førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid, praktisk/metodisk utprøving og skapande verksemd.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet er retta mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor grunnskulen, kulturskulen eller andre samfunnsinstitusjonar. Det kan takast som frittståande vidareutdanning eller gi grunnlag for vidare studium, som til dømes bachelor i Musikk ved Høgskulen i Volda.