Musikk, opne fordjupingsemne

 Fordjupingsemna bygger på Årsstudium i musikk ved Høgskulen i Volda. Du vel sjølv blant frittståande emne og set saman ditt eige fordjupingsstudium.

  • Organisering

    Deltid
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4261

Studieinnhald

  • Instrumentaldidaktikk, 15 stp. (haust)
  • Ensembleleiing, 15 stp. (haust)
  • Arrangering, 15 stp. (haust)
  • Utøving og formidling, 15 stp. (vår)
  • Musikkhistorie, 15 stp. (vår)
  • Musikkteknologi 2, 15 stp. (vår)  
  • Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi (vår)

Merk at emna kan ha ulike forkrav.

Opptakskrav

60 stp musikk frå HVO eller tilsvarande. Emna har ulike forkrav, sjå emneplanen.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Organiseringa vil variere mellom undervisning i plenum og større og mindre grupper. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, verkstadarbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det vert gitt indivduell undervisning på hovudinstrument. 

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd i grunnskulen, skulefritidsordning (SFO), kulturskulen og det frie kulturlivet. Det gir også grunnlag for vidare studium i musikk, og kan inngå i bachelor i Musikk ved Høgskulen i Volda.