Naturfag og matematikk i barnehagen

Naturfag og matematikk i barnehagen (30 stp) er ei profesjonsretta vidareutdanning for pedagogar i barnehagen som ynskjer å vidareutvikle sitt faglege og didaktiske grunnlag for å kunne legge til rette for gode naturfaglege og matematiske aktivitetar for og med barn. Studiet er ein del av strategien «Kompetanse for fremtidens barnehage – strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020». Studiet er i samsvar med ny rammeplan for barnehagen (2017) og vil slik kunne hjelpe dei som gjennomfører studiet med å implementere denne på eigen arbeidsplass.

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
    Samlingar
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

    01. mars 2017
  • Startsemester

    Haust

Studieinnhald

Gjennom studiet skal studenten utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag til å kunne planleggje, tilpasse, gjennomføre og evaluere gode naturfaglege- og matematiske aktivitetar for og med barn. Studenten skal få grunnleggjande kunnskapar og dugleik til å legge til rette for gode naturopplevingar for barn og stimulere barna til undring og utforsking.

Opptakskrav

Fullført førskule-/barnehagelærarutdanning eller tilsvarande treårig pedagogisk utdanning.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert med tre samlingar à to dagar per semester ved Høgskulen i Volda (HVO), i tillegg til nettbasert undervisning (Adobe Connect) inntil tre timar per veke mellom samlingane. Den nettbaserte undervisninga vil vere i form av førelesingar, medan undervisninga på samlingane for det meste vil vere praktisk retta.

Store delar av undervisninga på samlingane går føre seg ute, der ein tek i bruk nærmiljøet rundt Høgskulen og område lenger unna. Studiet tek òg sikte på å bruke element frå mat og helse og kjøkken som læringsarena for matematikk og naturfag. Mellom samlingane må studenten arbeide sjølvstendig med pensum og pålagde arbeidsoppgåver. Det er obligatorisk frammøte til samlingane og den nettbaserte undervisninga. 

I løpet av studiet skal studenten utføre og få godkjend seks arbeidskrav. Studenten må ha tilgang til ei barnegruppe i samarbeid med barnehage og/eller SFO for å kunne gjennomføre arbeidskrava.