Naturguideutdanning

Studiet gir utdanning som naturguide, og grunnlag for å søkje sertifisering som Norsk Naturguide gjennom Norsk Naturguideforbund (NNG). Utdanninga er retta mot personar som driv eller ønskjer å starte naturguiding som eiga næring eller å kvalifisere seg til arbeid hos eksisterande reiselivsaktørar.

  • Organisering

    Heiltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4143

Studieinnhald

Reiselivet i Noreg har eit mål om å verte leiande på «Tematurisme», og vil sette fokus på turar i norsk natur. Gjennom studiet skal studentane få røynsle som naturguide både i studentgruppa og gjennom relevant praksis. Det vert stilt krav om guideforståing, frå det praktiske og sosiale til refleksjon over profesjonsrolla. Det vert krevd oppdaterte ferdigheiter slik som førstehjelpskurs og skredkjennskap.

Opptakskrav

60 stp friluftsliv eller dokumentert brei erfaring/kompetanse i friluftsliv.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga vekslar mellom klasseromsundervisning og praktisk undervisning ute. Emne- og semesterplanar gir informasjon om krav til frammøte og obligatoriske delar av studiet. Ein føreset at studentane er fysisk skikka og utstyrsmessig utrusta til å ta ansvar for seg sjølve. Informasjon om påkrevd utstyr vert sendt ut før studiestart.

Under samlingane skal studentane bu i telt, bevege seg i ulendt terreng, bere oppakning og vere symjedyktige. Det er krav om attest for gjennomført førstehjelpskurs og skredkurs frå godkjente arrangørar av slike kurs. Studentane skal ha ansvar for organiseringa av samlingane og bytter på å ha leiinga i desse prosessane. Dette inkluderer transport til og frå samlingane, tilrettelegging av utstyr og innkjøp av mat og organisering av matstellet, samt dekkje fellesutgifter til desse turane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Utdanninga er svært aktuell innanfor reiseliv og turisme. Kvalitetssikra guiding er no etterspurt i marknaden som ei næring. Som eit ledd i å gjere opplevingsturismen meir bærekraftig og grøn er naturguiding ei viktig tilnærming. Naturguideutdanninga kan takast som ein del av bachelor i Friluftsliv ved Høgsklulen i Volda, eller som eit sjølvstendig avsluttande studium.