Norsk 2 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Studiet er reservert for lærarar i grunnskulen som er tatt opp gjennom Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning, «Kompetanse for kvalitet».

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
    Samlingar
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

    01. mars 2017
  • Startsemester

    Haust

Studieinnhald

Norsk 2 for 1.–7. årssteg gir ferdig utdanna lærarar den formelle kompetansen dei treng for å kunne vere ein fagperson i norsk på barnesteget. Studiet gir kunnskap og kompetanse om sentrale faglege emne som lese- og skriveopplæring, og om norskfaget si legitimering som reiskaps- og danningsfag. Vidare skal studiet gi kompetanse på arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, bruk av digitale verktøy i lese- og skriveopplæringa og tilpassa opplæring, mellom anna til elevar med norsk som andrespråk. Det vert lagt vekt på at studentane relaterer kunnskapen til eigne erfaringar frå skulen.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar-, eller praktisk-pedagogisk utdanning) og fullført Norsk 1 i lærarutdanninga (grunnskulelærarutdanning eller allmennlærarutdanning).

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er samlingsbasert. Mellom samlingane vert det gitt nettundervising via Adobe Connect. Oppgåveinnleveringar og individuell rettleiing skjer via Fronter. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon.