Norsk 2: Lese- og skriveopplæring

God lese- og skriveopplæring er ein føresetnad for læring i alle fag for alle, og særleg for dei som kan utvikle lese- og skrivevanskar eller har norsk som sitt andrespråk. Studiet har ei avgift på kr 8 000 + semesteravgift.

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4068
  • Studieavgift

    Kr 8 000,-

Studieinnhald

Studiet er lagt opp for to målgrupper:

  • Studentar som har Norsk 1 i grunnskulelærarutdanninga og vil ta påbygging for å stette kravet i kompetanseforskrifta om 60 studiepoeng i norsk for å undervise på ungdomssteget.
  • Studentar som har Norsk 1 i grunnskulelærarutdanninga eller Norsk i barnehagelærarutdanninga som vil fordjupe seg i norsk for å bli ressurspersonar i faget på barne- og mellomsteget.

Med vektlegging av leseopplæring, skriveopplæring og digital kompetanse tek studiet for seg tre av dei fem grunnleggjande ferdigheitene i Kunnskapsløftet. Studiet gir derfor ei aktuell og relevant kompetanseheving knytt til gjeldande læreplanverk.

Opptakskrav

 Fullført 30 stp norsk i lærarutdanninga, fullført norsk i førskule- eller barnehagelærarutdanninga eller tilsvarande.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga vert organisert med fire tyngdepunkt og går over eitt studieår. Tyngdepunkta består av leksjonar som presenterer og aktualiserer viktige emne i studiet. Etter kvart tyngdepunkt arbeider studentane med arbeidskrav som krev at dei reflekterer rundt leksjonane i tyngdepunktet, relevant pensum/teori og tankar om eigen klasseromspraksis.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanning gir etterspurd norskompetanse i skuleverket.