Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk, fordjupingsstudium

Vidareutdanninga er yrkesretta og gir barnehagelærarar og lærarar kompetanse i utvikling og gjennomføring av opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø – ein kompetanse det er stort behov for både i skule og barnehage. 

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

    02. mai 2016
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4267

Studieinnhald

Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk er eit tverrfagleg studium som gir studentar teoretisk og empirisk grunnlag for å handtere utfordringar og moglegheiter som den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen/barnehagen gir. Studiet gir kompetanse for pedagogisk arbeid med born, ungdom og vaksne i ein fleirspråkleg og fleirkulturell læringssituasjon. 

Opptakskrav

Dette er eit studium som primært har barnehagelærarar, lærarar og studentar som har fullført og bestått dei tre første åra av grunnskulelærarutdanninga som målgruppe. Opptaksgrunnlaget til studiet er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum tre års omfang (180 stp.) og innanfor følgjande utdanningsvegar: 

  • bestått minimum dei tre første åra i grunnskulelærarutdanning, der minst 30 studiepoeng norsk eller anna språkfag inngår i fagkretsen
  • bestått allmennlærarutdanning
  • bestått førskulelærarutdanning/barnehagelærarutdanning. 
  • bestått faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning, der minst 30 studiepoeng norsk eller anna språkfag inngår i fagkretsen

Etter særskild vurdering kan også søkjarar med annan utdannings- eller yrkesbakgrunn takast opp på studiet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert. Arbeidsformene vil variere mellom førelesingar, studium av faglitteratur, studentseminar, arbeid i mindre grupper, feltarbeid, munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing. Studentane må ha tilgong til, og kunne gjere seg nytte av IKT-basert kommunikasjonsverktøy. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

I både barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og i vaksenopplæringa er det behov for lærarar med kompetanse i utvikling og gjennomføring av opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø.