Vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur, samlingsbasert

Vidareutdanninga er aktuell for lærarar som ønskjer å utvide kompetansen sin i norsk og undervise på ungdomssteget i grunnskulen. Utdanninga høver også godt i kombinasjon med anna utdanning og yrkeserfaring.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

    12. mai 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4072

Studieinnhald

Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng:

  • Tekst og struktur 
  • Språket som kultur

Det språklege emnet tek for seg ulike sider ved språket i fortid og notid, medan det litterære emnet gir ei grunnleggjande innføring i litterære sjangrar og tekstanalyse. Studentane skal få kunnskap om språk i sosial, kulturell og historisk samanheng, og lære akademisk oppgåveskriving.

Opptakskrav

Lærarutdanning og 30 stp. i norsk.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga blir gitt gjennom samlingar ved Høgskulen i Volda og oppgåveskriving med individuell rettleiing. Det blir fire samlingar i løpet av semesteret. Studiet vert også tilbydd som nettstudium med avgift (kr. 4000 pr. emne).

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanning Norsk språk og litteratur gir grunnlag for opptak på fordjupingsstudiet i norsk.  Saman med norsk i lærarutdanninga (30 studiepoeng) gir studiet deg 60 studiepoeng i norsk (norsk årsstudium).