Vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur, nettstudium

Vidareutdanninga er aktuell for lærarar som ønskjer å utvide kompetansen sin i norsk og undervise på ungdomssteget i grunnskulen. Utdanninga høver også godt i kombinasjon med anna utdanning og yrkeserfaring. Studiet har ei avgift kr 8 000 + semesteravgift. 

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4071
  • Studieavgift

    Samla avgift: kr 8000,- (kr 4 000,- per emne).

Studieinnhald

Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng:

  • Tekst og struktur 
  • Språket som kultur

Det språklege emnet tek for seg ulike sider ved språket i fortid og notid, medan det litterære emnet gir ei grunnleggjande innføring i litterære sjangrar og tekstanalyse. Studentane skal få kunnskap om språk i sosial, kulturell og historisk samanheng, og lære akademisk oppgåveskriving.

Opptakskrav

Lærarutdanning og 30 stp. i norsk.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar og oppgåveskriving med individuell rettleiing. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanning Norsk språk og litteratur gir grunnlag for opptak på fordjupingsstudiet i norsk.  Saman med norsk i lærarutdanninga (30 studiepoeng) gir studiet deg 60 studiepoeng i norsk (norsk årsstudium).