STUDIEPLAN

Vidareutdanninga er aktuell for lærarar som ønskjer å utvide kompetansen sin i norsk og undervise på ungdomssteget i grunnskulen. Utdanninga høver også godt i kombinasjon med anna utdanning og yrkeserfaring. Studiet har ei avgift kr 8 000 + semesteravgift. 

Vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur. Nettbasert

Studieprogram: 
Videreutdanning for lærere i norsk, språk og litteratur (nettbasert)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2017
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

30 studiepoeng frå norsk i lærarutdanninga.

Om studiet: 

Vidareutdanning i norsk, språk og litteratur er eit tilbod for studentar som har 30 stp. norsk frå lærarutdanninga, og som ønskjer vidareutdanning. Tilbodet er sett saman av to emne frå årsstudiet i norsk. Vidareutdanning i norsk språk og litteratur gir 30 studiepoeng i tillegg til dei 30 studiepoenga frå Norsk i lærarutdanninga.

Studiet gir undervisningskompetanse i skuleverket. Studiet kvalifiserer også for opptak på fordjupingsstudiet i norsk (nordisk) språk og/eller litteratur ved HVO.

Læringsutbytte: 

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar: 

Etter fullført studium skal studenten:

  • ha grunnleggande kunnskapar om norsk språk og litteratur i fortid og notid
  • kunne gjere greie for språk i sosial, kulturell og historisk samanheng
Ferdigheiter: 

Etter fullført studium skal studenten vere fortruleg med hovudprinsipp for tekst- og sjangeranalyse

Generell kompetanse: 

Etter fullført studium skal studenten

- kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving

- ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål

Organisering og arbeidsmåtar: 

I haustsemesteret ligg vekta på grunnleggande innføring i dei litterære hovudsjangrane og i praktisk tekstanalyse. Språkdelen i vårsemesteret har eit kulturperspektiv. Her blir det arbeidd med språket i lys av historiske og sosiale forhold.

Studiet er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng. Fagplanar og pensum finn du i emneomtalane.

Undervisninga blir gitt gjennom nettleksjonar og oppgåveskriving med individuell rettleiing.

Arbeidskrav og eksamensoppgåver i litteraturemnet NO103N-AVG skal skrivast på nynorsk og i språkemnet NO102N-AVG på bokmål.

Navn: 
Vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur. Nettbasert (oppstart haust)
Emne2016 Haust2017 Vår
15
15
Praksis: 

Det er ikkje knytt praksis til dette studiet.

Kostnader: 

Studiet er delfinansiert med studieavgift kr. 8 000 (4 000 pr emne) + semesteravgift. Studiet vert også tilbydd samlingsbasert utan studieavgift.

Evaluering og kvalitetssikring : 

Studiet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Stig Jarle Helset