Norsk (nordisk) årsstudium, samlingsbasert

Norsk (nordisk) årsstudium er retta mot deg som treng gode basiskunnskapar i språk og litteratur. Utdanninga høver godt i kombinasjon med anna utdanning og yrkeserfaring.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 211

Studieinnhald

Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng, to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap:

  • Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkkunnskap, og gir eit felles grunnlag for studiet av norsk (nordisk) språk.
  • Språket som kultur tek for seg språket i fortid og notid, og gir studenten teoretisk innsikt i forholdet mellom språk og samfunn.
  • Tekst og struktur gir innføring i dei litterære hovudsjangrane. Pensum er sett saman av sjangerteori, litteraturhistorie og eit utval tekstar.
  • Tekst og kultur gir innføring i den litterære produksjonen i tre uliker periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.

Dei to haustemna gir grunnleggande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. Ein rår til at studentane tek desse emna først. I vårsemesteret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga blir gitt gjennom samlingar (fire samlingar pr. emne) og oppgåveskriving med individuell rettleiing. Studentane tek eksamen i kvart emne. For å få godkjent studiet som årsstudium må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive to eksamensoppgåver på bokmål og to på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvara blir det lagt vekt både på fagleg og språkleg dugleik.

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar som er naudsynte anten dei skal bli norsklærarar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i norsk. Det gjeld mellom anna informasjonsarbeid og arbeid i presse eller forlag. Studiet gir grunnlag for opptak på fordjupingsstudiet i norsk og kan inngå som del av bachelor i Språk og litteratur.