Norsk (nordisk) fordjupingsstudium

Studiet er retta mot yrkesgrupper og studentar som ønskjer å heve kompetansen sin i norsk og spesialisere seg i språklege og litterære emne.

  • Organisering

    Heiltid
    Deltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4264 (heiltid), 4265 (deltid)

Studieinnhald

Fordjupingsstudiet i norsk (nordisk) språk og litteratur kan setjast saman på ulike måtar:

  • eit språkleg og eit litterært emne
  • to språklege emne
  • to litterære emne
  • eit emne i anten språk eller litteratur og eit individuelt oppgåveemne i same disiplin i det påfølgjande semesteret

Kvart av emna er på 15 studiepoeng. Du vel sjølv om du vil ta eitt eller to emne pr. semester. For å bli tatt opp på oppgåveemnet må du ha fullført undervisningsemnet.

Opptakskrav

60 stp norsk (årsstudium) eller tilsvarande.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar og individuell rettleiing. Enkelte emne kan også ha tilbod om samling. Rettleiinga vil i stor grad vere knytt til oppgåveskriving. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

I kombinasjon med ei lærarutdanning gir studiet undervisningskompetanse i norsk i ungdomsskule og vidaregåande skule eller kan nyttast i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i språk eller litteratur. Studiet kan utgjere fordjupingskomponenten i ein bachelorgrad.