Norsk

Vidareutdanninga på masternivå er retta mot deg som har lærarutdanning og minimum 60 studiepoeng i norsk frå før. Studiet inngår i master i Undervising og læring, med spesialiseringar i matematikk, norsk eller spesialpedagogikk. 

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4387

Studieinnhald

Studiet har to emne på 15 studiepoeng kvar:

  • Emnet Lese- og skrivekunne tek for seg lese- og skrivekunne som grunnleggjande ferdigheiter og korleis ein kan arbeide med desse i møte med ulike elevgrupper i skulen. Sentrale studiefelt vil mellom anna vere literacy-omgrepet, leseforståing og lesestrategi, forsking på lese- og skriveopplæring, lesing og skriving i eit begynnarperspektiv, i eit vidaregåande perspektiv og i eit andrespråksperspektiv.
  • Emnet Norskfaget, norsklæraren og klasserommet tek for seg norskfaget si historie med særleg vekt på legitimeringsspørsmål knytt til både norskfaget som heilskap og til ulike emne innanfor faget. Emnet gir òg ei grundig tilnærming til gjeldande læreplanverk og utfordringar knytte til norskfaget i dag. 

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning og 60 studiepoeng i norsk med karakteren C (2,8 eller bestått).

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert med obligatorisk oppmøte. Arbeidsmåtane i studiet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Med 90 studiepoeng i norsk vil du vere ein ressursperson i norsk i grunnnskulen og i den vidaregåande skulen. Du har då både oppdatert og forskingsbasert kunnskap i og om faget. Dersom du seinare ønskjer å fullføre ein mastergrad, kan du søkje opptak på master i Undervisning og læring ved Høgskulen i Volda.